Test av SG M5 jaktdress

Test av SG M5 jaktdress

Gramjegeren.no testa SG M5 jakke og SG M5 bukse under reinsjakt og hjortejakt sist haust. Jaktdressen har kvalitetar som ein kan forvente frå SG. Vanntett, pustar godt, lett, svært pakkbar og ein farge som passar godt i høgfjellet. Anbefalast!

Dressen vart testa med SG Helio hoody og SG Helio bukse under. Dette er eit mjukt og behageleg fleece undertøy som transporterer fuktigheit godt. M5 buksa og Helio buksa har samanfallande glidlåser i sida, slik at du kan lufte heilt inn til huda om du f.eks skal gå ein bratt bakke og sveitte litt ekstra. Gjennomtenkt løysing som fungerer veldig bra! Jakka har utlufting under armane. Hetta på jakka er er verdt å nemne. Den dekker godt, samtidig som den ikkje sperrer for sidesynet. Gjennomtenkt design. Oppsummert er SG M5 ein gjennomført jaktdress som fungerer godt i høgfjellet. Med den nøytrale fargen er jakka eit stilreint valg til dagleg bruk i låglandet også.

07.08.2021 10:03