R3 5900

Militær modell, velegna for transport av tyngre våpen

  • Artnr: 760

Beskrivelse av artikkelen

Modell utvikla i samarbeid med spesialstyrker i det amerikanske forsvaret. Velegna for transport av tyngre våpen, som f.eks. langholdsvåpen. Det er tre ulike måtar å feste våpenet til sekken. Kortare våpen kan festast innvendig i sekken i festsystem mot ryggen. Tyngre og lange våpen festast diagnalt mellom ramme og sekkepose. Vanlege jaktrifler festast på sida av sekken, slik som på dei andre SG sekkene. Om du skal bruke sekken til transport av våpen må du bestille med våpenfeste for R3

Det som skil Stone Glacier R3 frå andre sekker berkna for transport av våpen, er det ekstremt kraftige og komfortable bæresystemet, muligheit for stort volum i sekkeposen, kombinert med ultralett vekt. Sekken er laga i kraftige Cordura nylon og xpac kevlar. R3 5900 er sannsynlegvis den lettaste og mest komfortable sekken på marknaden for transport av tyngre våpen.  Bæresystemet er dimensjonert for opptil 70 kg last. Det gjer at eit tunge langholdsvåpen kan transporterast komfortabelt. Det er god plass i sekken, slik at den også egnar seg til reinsjakt og fjelltur med stor oppakning.

Rikeleg med festepunkt innvendig i sekkepose.

Sekken er også velegna til bruk på jakt.

Gramjegeren anbefaler å kjøpe med praktisk lomme til hoftebelte