Stone Glacier Serac 1700, Xcurve ramme, str. M

Den lettaste sekken på Xcurve ramme. 27 (68) liter. 1837 gram

  • Artnr: 174

Beskrivelse av artikkelen

Sterkaste eigenskaper:

- Den lettaste sekken

- Den raskaste modellen å laste opp kjøtt på

Sekk for dagstur. Dette er min personlege favoritt til dagstur på reinsjakt og hjortejakt. So lett, kompakt og smidig at du knapt merker den på ryggen når du jaktar. Og med ramme og bæressystem som takler 70 kg. Det er ein uslåeleg kombinasjon. Når du har slakta og partert dyret, ekspanderer du sekkeposen ut frå sekkeramma, plasserer kjøtet på hylla mellom ramma og sekkeposen, og strammar til igjen. Den tyngste delen av børa sit då optimalt plassert tett inntil ryggen. Ein anna fordel er at du unngår å søle til utstyret  i sekken med blod.

Skal du gå eit stykke inn til ei hytte og jakte derfra kan du nytte lastehylla til å frakte proviant og utstyr. Vel framme laster du av provianten og har ein superkompakt sekk å jakte med, og stor lastehylle tilgjengeleg for kjøttbæring.

Volum

Totalt lastevolum, ca 68 liter. 27 liter i sjølve sekken + ca 41 liter på lastehylla. Plass til ca 40-50 kg slakt på lastehylla.

 

Vekt

1837 gram

 

Ramme

Xcurve ramma

Hoftebelte

Str. S (<- 28")

Str. M (29"-36")

Str. L (36"->)

Er du mellom størrelsane velger du det minste hoftebeltet. Alle hoftebeltene kan brukes med større livvidde en største oppggitte livvidde, men dei kan ikkje strammast inn smalare enn minste oppgitte livvidde.

Er du storviltjeger anbefaler me at du bestiller med utstyrspakke