Kva er forskjellen på Krux ramma og Xcurve ramma, og kva ramme anbefaler du?
Originalramma, Krux, har bevist sin styrke og brukskvalitet over mange år. Den er enkel og ekstremt lett i konstruksjonen. Det er fire karbonstenger i ramma. Ei på kvar side, og to som står i kryss. Karbonstengene er rette. Krux kom i ny forbetra utgåve i 2018, Krux Evo, og har no samme hoftebelte som Xcurve ramma.
Xcurve ramma kom i 2017. Det er fire karbonstenger i ramma. Ei på kvar side, og to som står i kryss. Til forskjell frå Krux Evo, er Karbonstengene forma, slik at ramma har ein kurvatur som følger formen på ryggen endå tettare enn Krux Evo ramma. Xcurve ramma er ca 250 gram tyngre enn Krux Evo ramma.
Så kva ramme skal du velge? Alle sekkemodellane kan brukes på begge rammer. Begge rammer er anbefalt til last opp til 70 kg. Oppsummert so er det kun to vesentleg forskjellar på rammene. Rett rygg eller kurvatur i ryggen, og vektforskellen som følge av det. Er du ekstremt oppteken av å spare gram, velger du Krux Evo ramma. Krux Evo er også riktig ramme om du ønsker litt luft mellom ramme og rygg. Ønsker du ein sekk som ligg så tett på ryggen som mulig, velger du Xcurve ramma. Når det er sagt so ligg Krux Evo ramma også tett på ryggen. Men Xcurve ramma kjem på grunn av kurvaturen endå tettare på ryggen. Har du ofte bører opp mot maksvekta, anbefaler me Xcurve ramma.
Kva sekkemodell skal eg velge?
Alle sekkmodellane kan leverast på både Krux Evo og Xcurve ramme. Det som skil dei ulike sekkemodellane, er volum, plassering av glidlås for tilgang til sekkerommet, og antall og plassering av utvendinge lommer. Når du skal kalkulere behov for volum må du hugse på at kjøtet kan plasserast på lastehylla mellom ramma og sekkeposen. Til jakt treng du difor ein god del mindre volum på sekkeposen enn med ein vanleg sekk.
Til reinsjakt kan eg anbefale bestselgaren Sky 5900. Den har stor utvendig lomme bak for rask tilgang til utstyr, og har også hesteskoforma glidlås på hovedrommet for ekstremt enkel tilgang. EVo 40/65 er også ein fin modell for reinsjakt. Fleksibel og ultralett modell. Skal du ta med heile familen på telttur, eller skal bruke sekken på overnattingstur om vinteren, kan eg anbefale dei største modellane. Sky 7400 og Sky Guide 7900. Ønsker du ein sekk med sidelommer, velger du Talus , som er den einaste modellen med det. Til hjortejegrar er Serac ein rå modell. Med den kan du gå på smygjakt i bratte lier, nesten uten at du merker at sekken er på ryggen. Og som dei andre Stone Glacier sekkane taklar den last på opptil 70 kg.
Er du storviltjeger anbefaler eg at du bestiller med utstyrspakke, med lastesekk, våpenfeste, og lomme til hoftebeltet.
Kva størrelse skal eg velge på hoftebeltet?
Hoftebeltet kjem i 3 ulike størrelsar. Mål livvidden din i høgde med hoftekammen:
Small | 71-77 cm |
Medium | 78-92 cm |
Large | 93 cm og større |
Er det ulik rygglengde på str. S, M og L hoftebelte?
Nei, det er samme ramma på alle størrelsane. Både str. S, M og L kan enkelt justerast til å passe rygglengda til personar mellom ca. 160-200 cm. Det gjer du ved å flytte festepunkt for skulderreimene opp eller ned: