Stone Glacier EVO 40/56 m/lokk, hoftebelte str. M

Ultralett og fleksibel. 92 liter/1985 gram. Bivy-mode u/lokk: 65 liter/1814 gram

  • Artnr: 714

Beskrivelse av artikkelen

Sterkaste eigenskaper:

- Den lettaste SG sekken med lastehylle i forhald til volum

- Fleksibel sekk du enkelt kan variere volumet på

Passe størrelse for ei veke på reinsjakt

Krux EVO ramme. Den lettaste modellen til Stone glacier i forhald til volum. Ekstrem lastevne og bærekomfort i forhald til eigenvekt. Kan også settast opp til kompakt dagstursekk (kan brukast utan topplokk). Stor glidlås i sida for enkel adgang til sekkerommet. I glidlåsopningen er det ei integrert lomme for oppbevaring av utstyr du treng rask tilgang til, f.eks. spotting scope. Den integrerte lomma er utforma slik at den kan utnytte heile volumet i lomma, sjølv om sekken er stappfull. Sekken får då i praksis ei stor sidelomme på venstre side. Når sekken ikkje er stappfull vil lomma legge seg inn som ein del av hovudrommet. Genial design. Høgre side av sekken er reservert for våpenfeste med hurtigutløysar. Eller kan brukes til å feste utstyr utanpå sekken. Det er det også god muligheit til bak på sekken og under sekken.

Fullt ekspandert med topplokk er sekken 92  liter/2013 gram. Uten topplokk og med øvste delen av sekkeposen felt ned (bivy mode) er sekken 65 liter/1815 gram. I tillegg har den, som alle andre Stone Glacier sekker, lastehylle med plass til ca 40 liter. Totalt volum ca 125 liter.

Sekken kan bestillast utan topplokk. Gramjegeren anbefaler å kjøpe det med. Kjekt å ha på turar du treng litt ekstra volum, og kan koplast av når du vil spare dei siste gramma.

Gramjegeren anbefalar denne modellen som den mest fleksible modellen på Krux EVO ramma. 

Er du storviltjeger anbefaler me at du bestiller med utstyrspakke

Hoftebelte

Small 71-77 cm
Medium 78-92 cm
Large 93 cm og større